Asplan Viak AS laga i 2017 på oppdrag for Sykehuset Innlandet HF ei samfunnsanalyse av framtidige sjukehus i Innlandet.
Eitt av alternativa var Sanderud i Stange kommune, som ligg nokre kilometer frå Hamar sentrum. Det fall sjølvsagt gjennom.
Mellom Stangevegen og Mjøsa
Arbeidet med dobbeltspor og endra bruk av næringsområdet på Espern opnar for ei sentral sjukehustomt i Hamar på 150-200 mål, alt etter korleis grensa blir trekt.
Eg tenker meg då at det nye hovudsjukehuset blir bygd på området mellom Stangevegen og Mjøsa, frå Stangevegen og til undergangen rett nord for noverande stasjonsbygning.
LES OGSÅ: Plass til både sykehus og jernbanestasjon ved Vikingskipet
Sjukehuset kan byggast delvis over spora, slik at tilgangen til sjukehuset skjer gjennom heis, rulletrapp og eventuelt innvendige rullande fortau.
Knutepunkt-plassering
Det vil gi stor miljøgevinst ved at jernbanen vil bli det viktigaste transportmiddelet både for pasientar, besøkande og tilsette.
Med ei slik plassering blir hovudsjukehuset ein stasjon på Dovrebanen mellom Dombås og Oslo. Det same er tilfelle for tog til og frå Elverum og Røros. For alle desse kan ei reise til sjukehuset starte på ein lokal stasjon og ende på hovudsjukehuset.
Ei slik «knutepunkt»-plassering er nødvendig for at samfunnet skal ta ut miljøgevinstar på både kort og på lenger sikt. På sikt vil det bli bygd tettare og høgare i alle knutepunkt.
Med realisering av dobbeltsporet blir det like raskt å kome seg på jobben for ein som bur i sentrum i Stange, Moelv eller Brumunddal som for den som bur nokre kilometer frå sentrum i Hamar.
Ingen av dei bør så mykje som tenke på å bruke bil til jobben – det vil vere tog, buss eller sykkel.
Avstand med tog er viktig
I 2017 skreiv Asplan Viak at det regionale rekrutteringsgrunnlaget er basert ein på «normal pendleravstand (45 minutters kjøring med bil)» i 2040.
Ein stor offentleg arbeidsplass kan ikkje vere basert på bilbruk. Meir interessant er det då at både Lillehammer og Rena vil ligge innanfor denne køyretida med tog. Det same reknar eg med at det omtrent vil vere til Lillestrøm.
LES OGSÅ: Sykehussaken – Oppland blir lurt
Avstanden med tog frå Oslo og Lillestrøm til det nye sjukehuset er etter mitt syn viktig. Det nye hovudsjukehuset vil ha bruk for mange høgt kvalifiserte fagpersonar, ikkje minst legar.
Ein del av desse vil nok velje å busette seg nær det nye hovudsjukehuset. Men det vil vere behov for å henta mange frå Oslo-området, som vil ønske å dagpendle, eventuelt med ei eller to overnattingar om gongen.
Det nye hovudsjukehuset må også rekne med å ta mot legestudentar frå Universitetet i Oslo i delar av studiet.
Stor arbeidsplass
I innstillinga til styret i Helse Sør-Øst RHF i januar 2019 vart rekrutteringsgrunnlaget vurdert ved å dra ein ring på seks km rundt dei noverande sjukehusa i Innlandet.
Eg går ikkje inn på om ringen bør vere større eller mindre for Hamars del. Poenget er at Hamarområdet er stort nok til å bere ein så stor arbeidsplass som det eit hovudsjukehus vil vere.
Om auken i folketalet kjem i den eine eller i den andre kommunen er ikkje så viktig.
Ei slik plassering let seg berre gjennomføre ved å velje alternativ vest for jernbanesporet. Dobbeltsporet og alle arbeid elles må klart gjerast ferdige til og med noverande stasjon.