• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst

Debatt

  • Debattforsiden
  • Signert
Meny
  • Nyheter
  • Kultur
  • Sport
  • HA-bloggen
  • Send inn debattinnlegg
  • Hvordan debattere?
  • Kundesenter
HVA MENER DU? Vil du svare på dette innlegget? Trykk her.
Debatt
6 minutter lesetid

Bygningsvernet treng ressursar og ny kompetanse

BYGNINGSVERN: Blir stadig mer krevende. (Illustrasjonsfoto) FOTO: Christian E. Bergheim
Ole Aastad Bråten direktør for Valdresmusea, Sven Inge Sunde adm.dir. i Anno museum
Publisert: 06 januar, 2021 04:45
Oppdatert: 05 januar, 2021 09:17

MUSEENE: I 2019 gjennomførte Kulturdepartementet ei tilstandsvurdering av landets 5.000 museumsbygningar.

For kort tid sidan fekk vi innblikk i kartlegginga – og situasjonen er langt frå god.

Eit førebels estimat seier at det vil koste over tre milliardar kroner å gje bygningane eit tilfredsstillande vedlikehaldsnivå.
Skal vi greie dette treng vi friske ressursar, ny kompetanse og felles satsing.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stort forfall

Forfallet i musea er stort.
Men det er ikkje manglande vedlikehald åleine som er grunnen til dette. Dei siste åra har også musea fått merke konsekvensane av klimaendringane. I rapporten Varmare, våtare, villare – musea og klimautfordringane les vi at klimaendringane skapar nye utfordringar for musea og kulturarven.

Med milde, våte vintre aukar omfanget av mikroorganismar – som gir gode vekstvilkår for sopp, mugg og algar. I tillegg til ekstremvêr er dette forhold som no bryt ned kulturminna.

Klimautfordringane råkar heile landet, også innlandsbygdene, som no får erfare at klimaet her blir meir og meir likt klimaet ved kysten.

Snørike og tørre vintrar er snart historie, og med våte, milde vintrar møter dei gamle tømmerhusa i austlandsbygdene stadig nye utfordringar.

Då hjelper ikkje tradisjonelt bygningsvern åleine. Vi må bygge ny kompetanse – som løyser utfordringane på nye måtar.

Det same seier den allereie nemnte rapporten.
Behovet er stort for meir utforsking av material, verktøy og arbeidsmetodar – og ressursar til nye forskingsprogram. Dessutan må ein reorganisere dei mange faglege nettverka. Vi må ikkje berre arbeide annleis.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi må samordne oss på nye måtar. Då kan ein kanskje skjele til Innlandet der samarbeidet om utdanning og opplæring har vore utprøvd lenge. I eit samarbeid mellom musea, fylkeskommunen og utdanningsinstitusjonane, mellom dei NTNU, har ein bana veg for eit utdanningsløp der ein kjem tettare på dei faktiske utfordringane.

Ordninga har vore viktig for musea, studentane, byggebransjen og kulturminnevernet. Ein bygningsvernrådgjevarordning er òg på plass her. Denne er eit viktig bidrag til kulturminneinnsatsen i regionen, og den er ikkje minst eit gode for dei private huseigarane og kommunane som nyt godt av dei tenestene rådgjevarane tilbyr.

Skal ein jobbe vidare med metodar og kompetansebygging innfor denne sektoren i Noreg, kan ein like gjerne bygge på tradisjonane her. Innlandet fylkeskommune visar vilje til kulturminnesatsing i sin nyleg vedtekne strategi.  

Vil peke på utfordringene

Ei ny museumsmelding er venta i april 2021. Denne vil vonleg peike på dei nemnte utfordringane – og behova for kompetansebygging, utdanning og utforsking.

Musea i Innlandet har kompetanse og vilje til å drive dette kompetansearbeidet og har samordna arbeidet i Museumsforum Innlandet. No ventar vi på ressursar til eit forprosjekt – og eit mandat frå styresmaktene.  

Føresetnadane for å drive eit nasjonalt utviklingsarbeid er stort her. Musea i Innlandet forvaltar 25 prosent av dei gamle museumsbygningane i landet. 22 prosent av desse att er freda.

Det er desse bygningane som no møter dei største utfordringane med klimaskiftet. Det tørre innlandsklimaet er ikkje lenger kaldt og trygt.

Ole Aastad Bråten, Sven Inge Sunde

Dei over 1000 historiske bygningane her møter no blaute vintre som bryt ned kulturminna.  

Ei satsing på bygningsvern vil utvilsamt vere viktig for kulturminna. Men den vil òg skapa ringverknadar for industrien og handverksmiljøa, og slik bli del av det grøne skiftet. Men utviklingsarbeid er krevjande og det fordrar at styresmaktene samordnar innsatsen.

Særleg når kulturminneansvaret flyt mellom departementa. Skal ein lukkast innfor bygningsvernet må statsrådane snakke saman, og dei må forstå at musea – kvar dag – står på for ei samla kulturminneforvalting – ikkje berre i arbeidet med dei 5000 museumsbygningane.

For, om Raja rår over bygningsarven innfor museumsskigarden, er det Rotevatn som har ansvaret for kulturminna slik elles. Denne delinga opplever musea og kulturminnefeltet som unødvendig byråkratisk– innfor eit område der ein uavhengig av departemental tilknyting har samla seg om dei same måla – å sikre kulturarven og kulturmiljøet for ettertida.

Museumsforum Innlandet har lenge peikt på behovet for sterkare samhandling mellom departementa – om dei utfordringane som no møter bygningsarven – den på musea, og den utanfor musea.

For, utan at musea greier å ta vare på bygningsarven på musea, vil vi heller ikkje som nasjon greie å ta vare på kulturarven vår. Kulturminne er eit gode som kan bidra til både miljømessig og økonomisk berekraft, seier statsråd Rotevatn.

Då må vi samordne innsatsen og bygge kompetanse som løyser utfordringane på nye måtar. Musea i Innlandet bidreg gjerne.

                                                   

Tips: tips@h-a.no
Telefon: 62 51 95 00
Kontakt oss: red@h-a.no

Sjefredaktør: Katrine Strøm
Digitalredaktør: Jan Morten Frengstad
Nyhetsredaktør: Rune Steen Hansen
Debattleder: Trond Svendsen
Kulturredaktør: Geir Vestad
Fotosjef: Trond Lillebo

  • Email
  • Facebook
  • Instagram
  • Twitter

Kundeservice: Bestill abonnement // Omadressering // HA-kortet // Reklamasjon eller klager
Samtykke // Personvernerklæring // Om informasjonskapsler // Vilkår
Annonsér i HA: Bedrift / Privat
Logg inn på: eAvis // Mitt abonnement

HA Debatt © 2021 · Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media - hamarmedia.no

Personvern og cookies

Hamar Arbeiderblad er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene du ser og bruker.

Vil du endre dine innstillinger for kontakt? Her finner du dine samtykker

Les mer