• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst

Debatt

  • Debattforsiden
  • Signert
Meny
  • Nyheter
  • Kultur
  • Sport
  • HA-bloggen
  • Send inn debattinnlegg
  • Hvordan debattere?
  • Kundesenter
HVA MENER DU? Vil du svare på dette innlegget? Trykk her.
Debatt
4 minutter lesetid

«Når utgangspunktet er som galest blir resultatet titt originalest»

(Illustrasjonsfoto)
Nils Hesthagen, Gjøvik
Publisert: 12 januar, 2021 12:18
Oppdatert: 12 januar, 2021 12:18

I sjukehussaka er det ikkje berre utgangspunktet som har vore gale:

1. Helseforetaka vart innført i 2001 og medførte at ansvaret for sjukehusa vart overført frå fylkeskommunen til regionale helseforetak (RHF). Dermed var folkevalde utestengde frå eitt av våre viktigaste politikkområde.
Når RHF Sør-øst gjer vedtak om struktur og lokalisering er det jobben deira. Folkevalde er på sidelina – for dette er altså ikkje politikk!

Artikkelen fortsetter under annonsen

2. Sjukehus Innlandet (SI) etablerte fyrst samfunnspanel i 2004 som seinare vart omorganisert til politisk referansegruppe i 2013 med politikarar frå Hedmark og Oppland. Tallause utsagn tydar på at politikarane dermed trudde dei var med på beslutningane.
Eit smart trekk.

Folkevalde hadde inga rolle i beslutningane, men panelet og referansegruppa vart gissel for å gje eit skin av demokrati.

Artikkelen fortsetter under annonsen

3. SI utarbeidde planar om eit komplett sentralsjukehus for båe fylka. Det vart foreslått å leggje dette ved Mjøsbrua.
Mange støtta denne lokaliseringa som vart oppfatta som ganske nøytral, trass i at byane rundt Mjøsa skulle årelatast med 5-6000 arbeidsplassar!

Pendlingsavstanden frå alle Mjøsbyane var stutt nok til å bli brukt som argument for lokaliseringa, sjølv om all erfaring syner at over tid vil utbygginga skje rundt ei slik gigantetablering. (Jf oppkjøp av tomteområde i Moelv.)

4. Så endra RHF planane fordi det ikkje var pengar til eit komplett sentralsjukehus. Nå skulle det byggjast eit 2/3 hovudsjukehus, (prosjektet vart redusert frå 12 til 8 milliardar).

Resten skulle kompletterast med eit akuttsjukehus 2 og eit elektivt sjukehus. Trass i heilt nye førestnader vart det ingen politisk diskusjon, truleg fordi 2/3-sjukehuset òg skulle plasserast ved Mjøsbrua.

Plasseringa av akuttsjukehus 2 og elektivt sjukehus var ikkje bestemt. Nok eit smart trekk – for dette var gulrota for byane som skulle miste tusenvis av arbeidsplassar.

5. Til slutt kjem forslaget om å byggje 2/3-sjukehuset i Brumunddal. Dette skal visstnok vera like ved Mjøsbrua, og støttespelarane seier at nå vi må halde kjeft for ikkje å skiple milliardinvesteringa. Ei slik kjempeutbygging kan ikkje nye Innlandet gå glipp av.

Dessutan skal det berre ta skarve seks-sju minutt å køyre frå Mjøsbrua til Brumunddal, så skjåkværar og lesjingar: dette er ikkje noko å bekymre seg for! «Tek du den så tek du den», som han sa mannen som leste ved – til hesten ikkje kom av flekken!

6. Nasjonl helse- og sjukehusplan (2015-2019) seier at eit stort akuttsjukehus treng befolkningsgrunnlag på minst 60 – 80 000. Ved SI er det derimot i gang ein prosess som ikkje tek omsyn til dette sjølv om både Gjøvik og Lillehammer er større.

Men – skal ikkje nasjonale standardar òg gjelde for Hedmark og Oppland?
I alle fall skulle ein tru at våre folkevalde, gislar og andre, vurderte om dette ville gje ein fornuftig struktur for Hedmark og Oppland som ikkje har nokon regionhovudstad, tvert imot 3-4 jamnstore byar.

7. 70 prosent skal lånefinansierast. Det betyr at vel 6 milliardar skal betalast med avdrag og renter og nærare 3 milliardar skal vera eigenkapital. Nedskjering og sveltforing av sjukehusa, som alt er hardt kvesta, skal halde fram til SI har skaffa denne eigenkapitalen.

I tillegg skal investeringane i akuttsjukehus 2 og elektivt sjukehus òg finansierast av drifta, som altså kjem i tillegg til eigenkapitalkravet til 2/3-sjukehuset.

8. Kanskje er politikarane nå i ferd med å vakne frå Tornerosesvevnen? Utspelet om at Brumunddal ligg ved Mjøsbrua bør vera ein tankevekkjar. Det same bør rasering av sjukehusa rundt Mjøsa vera, for å få eit 2/3-sjukehus som erstatning.

Utspelet syner samtidig at eit forretningsstyre ikkje har kompetanse til å drive samfunnsutvikling og bestemme nye sentrumsstrukturar. Det sterke engasjementet i det siste frå folk flest fortel at nå må det lagast ny politikk.

Så kjære politikarar: tenk sjølve, ta vare på dei sjukehusa vi har og takk nei til den planlagte sjarmoffensiven frå RHF Sør-øst.

Tips: tips@h-a.no
Telefon: 62 51 95 00
Kontakt oss: red@h-a.no

Sjefredaktør: Katrine Strøm
Digitalredaktør: Jan Morten Frengstad
Nyhetsredaktør: Rune Steen Hansen
Debattleder: Trond Svendsen
Kulturredaktør: Geir Vestad
Fotosjef: Trond Lillebo

  • Email
  • Facebook
  • Instagram
  • Twitter

Kundeservice: Bestill abonnement // Omadressering // HA-kortet // Reklamasjon eller klager
Samtykke // Personvernerklæring // Om informasjonskapsler // Vilkår
Annonsér i HA: Bedrift / Privat
Logg inn på: eAvis // Mitt abonnement

HA Debatt © 2021 · Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media - hamarmedia.no

Personvern og cookies

Hamar Arbeiderblad er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene du ser og bruker.

Vil du endre dine innstillinger for kontakt? Her finner du dine samtykker

Les mer