Vi er inne i ei tid der vi må tenkje oss nøye om korleis vi brukar både offentlege og private pengar. Begrepet «dyrtid» har dukka opp att og for kommunar og fylkeskommunar har rammene vorte mindre enn vi kunne ynskje oss i forhold til det vi ser behov for.

Regjering og Storting tek ansvar og er tydelege på at vi må stramme inn, ta ned oljepengebruken og begrense store offentlege prosjekt, som utbygging av Regjeringskvartalet. Dette må også vi som fylkespolitikarar ta konsekvensane av og prioritere etter. Det er innanfor dei rammene vi får vi må fordele.

Fylkeskommunedirektøren peiker på fleire nødvendige grep som Senterpartiet er einige i, som å tilpasse driftsnivået til driftsinntektene, ta ned investeringsnivået utover i planperioden på grunn av manglande eigenfinansiering, styrke generelt disposisjonsfond for å ha reserver, prioritere i og mellom rammeområda og styrke dei områda som er sterkast påverka av den auka inflasjonen.

Eit knapt fleirtal i fylkestinget ( AP, SV, MDG, V, KrF og PP), foreslår noko heilt anna i sitt forslag til fylkesbudsjett. Forslaget frå dei vil medføre store låneopptak, og store kostnader til avdrag og renter i åra som kjem. Dette vil redusere tenestetilbodet, og gi oss eit lite handlingsrom. I tillegg legg forslaget til grunn at skatteinntektene vil auke kraftig.

Det er ikkje å forvente i den næraste tida, slik den økonomiske situasjonen nå er, både nasjonalt og internasjonalt.

Vi meiner at innafor dei rammene fylkeskommunen har i dag må vi prioritere samarbeidet med kommunane, støtte dei som gjer ein innsats for fellesskapet og for gode lokalsamfunn.

Vi er også tydelege på at det er ikkje nedlegging og sentralisering som er svaret på alle økonomiske utfordringar. Her har fylkeskommunen ei særs viktig rolle for å oppretthalde tilbodet i heile Innlandet så langt det lar seg gjere for å styrke Innlandet i sum.

Rentene veit vi kjem til å gå opp. Senterpartiet vil derfor ha ein kritisk gjennomgang på alle investeringsprosjekt frå 2024 i økonomiplanperioden for å ta ned kostnadane og ta ned behovet for lån.

Sp meiner også at vi ikkje skal gå inn for eigenregi for kollektivtransporten, som kan få ein ekstrakostnad på mellom 100 – 200 millionar i året. Det vil vere ein risiko både for fylkeskommunen, sjåførane og ikkje minst for dei buss-selskapa vi har i Innlandet i dag.

Fylkestinget vedtok ein handlingsregel for korleis vi skal styre og sikre den økonomiske utviklinga i fylkeskommunen og det vedtaket bør vi strekke oss etter å fylgje. Gjennom eit stramt fylkesbudsjett kan vi kanskje sikre oss ein økonomi som gjer at vi faktisk kan prioritere betre i åra som kjem.