I HA 7. juli kritiserer Trond Feiring avisa for å gje spektakulære show med nasjonale stjerner urimeleg stor spalteplass, medan lokale kulturbegivenheter som Kirsten Flagstad-festivalen må nøye seg med nokså mager dekning. Redaktøren svarar utførleg på kritikken. Slik eg les det ho skriv, er hovudårsaka til at avisa har slutta å skrive meldingar av konsertar at slike "ikke har fenget veldig". Redaktøren og folka hennar har så funne ut kva abonnentane etter deira meining heller vil lese om, "nemlig hvem som var der av kjente og ukjente". "Vesentlig flere" har lese avisa for å finne ut akkurat det, og det må ein ansvarsmedviten redaksjon rette seg etter, må vi forstå. Redaktøren held fram at avisa hadde utførleg førehandsdekning av Flagstad-festivalen, og har nok meint at det fekk greie seg; kva som skjedde på sjølve konsertane var ikkje noko som HA var interessert i å formidle.

Hamar Arbeiderblad har ikkje alltid hatt denne holdninga. 8. november 1999 hadde Ringsaker Kantori allehelgens-konsert i Ringsaker kirke, og da syntest nok redaksjonen at det var ei hending som fortente omtale. Men den utsende journalisten forsømte seg nok i forhold til det som er instruksen i dag: vedkomande nøgde seg med å skrive "fullsatt" kirke og ta eit bilde - av koret, ikkje av lokale publikummarar som lesarane kunne kjenne att.. Og først og fremst: skrivaren vuderte koret som ein som var interessert: "Koret har allerede utviklet en fastere og bredere klang under sin nye musikalske leder, og bør med den fine og stødige stemmebesetningen kunne satse betydelig på a cappella-sang videre". Dette var oppmuntring for koret, og for underskrivne kormedlem som tok vare på utklippet frå HA. Avisa oppfylte den gongen ein viktig del av si oppgåve som lokalavis: å hjelpe fram denne delen av musikkulturen i sitt område ved å sende ein sakkunnig og engasjert journalist, ein som er interessert i det som skjer under ein konsert, ikkje berre i kven som er publikum, og kor stort det er.