Det blir for stort og det blir for dyrt, i fylgje prosjektdirektør Einertsen i Helse Sør-Øst.

Etter fleire år med lange dragkampar vart det politisk fleirtal og einigheit om eitt hovudsjukehus i Innlandet, Mjøssjukehuset, der alle dei andre sjukehusa både innan somatikk og psykiatri skulle inn under same tak.

Dette endra seg etterkvart gjennom ulike møtepunkt og utgreiingar. Nå skal det i tillegg også vere akuttsjukehus på Tynset og på Lillehammer og eit elektivt sjukehus med døgnfunksjonar på Elverum. Noko som var klokt både på grunn av beredskap, sårbarheit ved å samle alt på ein stad, avstandar og økonomi.

Likevel blir Mjøssjukehuset for stort og for dyrt?

Helse Sør-Øst har hatt fleire store utbyggingsprosjekt dei seinare åra og størrelsen og behov for areal burde vel strengt tatt vore kjent frå før.

Dersom kostnadane i Innlandet er det som veltar prosjektet, kva da med dei store og kostbare utbyggingane i Oslo? Er det berre i Innlandet det blir for stort og dyrt, eller kjem Helse Sør-Øst til å ta ein fot i bakken lenger sør for oss også?

Vi er den same helseregionen og vi forventar at det skal vere lik behandling mellom dei ulike helseføretaka.

Som det står i innleiinga til Riksrevisjonen sin rapport, datert 14. mars 2024, om risikostyring i dei regionale helseføretaka og helseføretaka «De regionale helseforetakene har et sørge for-ansvar for spesialisthelsetjenesten i sin region. Ansvaret innebærer at befolkingen i helseregionen skal tilbys forsvarlige helsetjenester. De regionale helseforetakene eier helseforetakene som skal yte gode og likeverdige spesialisthelsetjenester til alle som trenger det, når de trenger det.»

Da er risikostyring sentralt.

Derfor lurar eg på kva risikostyring Helse Sør-Øst har med tanke på kva konsekvensar ei fortsatt innsparing i Sykehuset Innlandet vil føre til i påvente av eit Mjøssjukehus som til stadigheit blir endra på og som nå viser seg å bli for stort og for dyrt?

Fylkesutvalet i Innlandet sende inn eit omfattande høyringsinnspel til Regional utviklingsplan 2040 for Helse Sør-Øst der vi mellom anna peikte på at økonomien for helseregionen og helseføretaka er prega av usikkerheit og ein krevjande økonomisk situasjon som vil avgrense handlingsrommet.

Det kom ikkje fram i utviklingsplanen kva utfordringar den økonomiske situasjonen ville gje Helse Sør-Øst og kva grep som ville bli vurdert for å løyse desse utfordringane med tanke på planlagde investeringar, sjukehusutbyggingar og utviklingsprosjekt.

Riksrevisjonen skriv i sin rapport at «Risikostyring handler om at foretakene identifiserer risikoer som er nødvendig å ha særskilt oppmerksomhet mot. Slike saker blir styrene informert om i egne saker om prioriterte risikoer eller i andre særskilte saker. Særskilte saker kan for eksempel være økonomiske langtidsplaner og større bygge- eller IKT-prosjekter».

Riksrevisjonen er tydeleg på at det er mange svakheiter i risikostyring i dei regionale helseføretaka.

Dei sjukehusa vi har i dag må ha gode rammevilkår for å oppretthalde dei tilboda dei har og sikre at vi har den kompetansen og kapasiteten vi treng til det beste for våre innbyggarar også gjennom planleggingsfasen og inn i framtida.

Når planleggingsfasen nå dreg ut vil risikoen for ei uheldig utvikling auke.