Han kjem rett frå fredagspilsen med jobben og er ein skikkeleg pratmakar. Eg er ikkje særskilt klar for lange samtalar denne kvelden, men samtala vert nesten irriterande givande.

Den visar seg umogleg å stoppe og det er eg glad for. For det vart ein av dei finaste samtalene eg har hatt på lang tid.

Ein togtur om korleis me kjenner musikk frå det innerst indre av oss sjølve, kva den betyr for oss og sidemannens kjensle av ikkje å vera ein del av eit fellesskap i musikken. Om utanforskap og kjensla av å gå åleine.

Me to. Forskjellige, men med dei same grunnleggjande behova for å kjenne oss som ein del av fellesskapet med rom for å uttrykke seg. Me to. Frå same verd, men med liv i kvar vår krok av verda.

Argumenta for kvifor musikk og andre kunstuttrykk er nødvendig er både keisame å lese og skrive om. Det er sagt og skrive så mange gonger med ulike innfallsvinklar, og innerst inne må eg tru at det finns ei felles sanning.

Kva den betyr for helsa vår, kor positiv den er for sosialt velvære og korleis den kan hjelpe oss i møtet med sjukdom og sorg. Men også korleis den hjelper oss i vår eigen og storsamfunnets kriser. Slik folk til alle tider har tydd til musikk i møte med livets riter, både i lytting og for å uttrykke kjensler i fellesskap.

Det vart ikkje visjonen om breiare vegar og høgare bygg som skulle dra oss framover. Det vart kulturen. Eit modig politisk verdival på vegne av eit heilt samfunn. Ein oppløftande og forpliktande visjon for fellesskapet. Ikkje for dei få med særinteresser.

For å sikre musikkens plass og kraft må visjonens verdiar styre vala ein gjer. Då har det inga hensikt å vekte interesser opp mot kvarandre. Det er dessutan ikkje mogeleg når delar av det som målast ikkje kan talfestast. Kva t.d. heilårsarrangørar bidreg med av verdi kan ikkje forklarast med tal åleine. Den verkelege verdien ligg hos kvar einskilt lyttar langt forbi det statistikk syner oss.

Me kan alle høyre stemmene om forskjellar mellom fylker, at det for lite kulturpengar, at det var meir før og mindre no. Respondert av forklaringar som kan vera både vonde og sanne. Inflasjonen kastar oss om kull, krigane herjar og klima endevendar infrastrukturen. I denne debatten bleiknar kulturens kraft.

Rammevilkår, pengar, ressursar, midlar, stønad. Kjært barn har mange namn. Sanninga er at midlar til kultur ikkje er nokon av delane. Det er investering i det som er no og det som kjem. Satsing på kultur krev langsiktig arbeid, og det handlar om eit grunnleggjande behov hos menneska som bur her.

Til slutt er det dette eine; å vera tru mot eigne verdival. Å spørje kva me ynskjer for samfunnet no og i framtida. Fyrst då kan me stå i det verda krevjar av oss. Fyrst då kan me vekse som menneske og samfunn. Fyrst då er me heile. For kultur har aldri vore limet i samfunnet. Kultur er samfunnet. Utan den er me ikkje eit demokratisk, samhandlane og ope folk.

Då er det ikkje lenger ubetydeleg om ein stansar investeringane i t.d. Resonans og Vinjerock. Me treng desse og andre som gjev oss varierte kunstuttrykk i alle krokar av fylket. Fylkeskommunens visjon manar til framdrift og bevisst satsing på kultur.

Modige val krevjar modige politikarar som står opp for kulturen i eige fylke og sikrar ein berekraftig drift for musikken i heile Innlandet. Visjonen mister sin funksjon med ein nedbygging av allereie godt etablerte tiltak. Eg håpar visjonen for fellesskapet står seg i framtida; Innlandet – best på kultur!