Norsk abortlovgjeving har knapt nok vore røyrd sidan 1970-talet, men abortlova er snart oppe til behandling i Stortinget att. Vi må få ein moderne abortlov som speglar samfunnets erkjenning av både kvinners kroppslege autonomi og kvinners evne til å ta sjølvstendige val.

Etter dagens abortlovgjeving må ein møte i nemnd dersom ein skal ta abort etter veke 12. Fleirtalet i regjeringa sitt abortutval foreslår at ein no heller skal måtte møte i nemnd etter veke 18.

Dette er ikkje godt nok. Fyrste rutineultralyd er i veke 18/19, og det er fyrst da ein kan oppdage alvorlege skadar på fosteret som gjer at det ikkje er levedyktig utanfor livmora. Fosterskadar er hovudgrunnen til abortar etter veke 18.

Dei som tek abort etter veke 18 opplev like stor sorg som dei som får daudfødde barn, syner forsking. Og likevel må dei møte i abortnemnd.

Det å måtte vente på dette kan i seg sjølv føre til seinare abortar. Både ventetida og abortnemnda er etter SU sitt syn ei unødvendig bør på menneske som allereie er i ein svært krevjande situasjon.

Det er ikkje samanheng mellom utvida abortgrense og auke i seinabortar. Land som Storbritannia, Island og Nederland har sjølvbestemming for kvinner fram til veke 22 eller 24, utan at det gjev noko utslag i seinabortstatistikken. Kvinner har ei openbar eigeninteresse av å få gjennomført ein abort så tidleg som mogleg i svangerskapet.


Verdas Helseorganisasjon anbefaler å fjerne krav om godkjenning av abort frå andre enn kvinna. Mange opplev møte med abortnemndene som krenkande, og det er ei openbar maktubalanse mellom kvinner og abortnemndene. Undersøkingar syner dessutan at kvinner som er i tvil unngår å prate med helsepersonell i forkant, i frykt for å få avslag i nemnd dersom dei har uttrykt denne tvila. Dette hindrar forsvarleg helsehjelp og omsorg. Abortnemndene er også ei ekstra påkjenning for kvinner med språkutfordringar, eller som kjem frå miljø der abort er tabubelagt.

Innlandet Sosialistisk Ungdom krev at

● nemndsystemet blir avvikla

● retten til sjølvbestemt abort blir utvida i tråd med retningslinane frå Verdas Helseorganisasjon

● rådgjevande tenester blir bygde opp i heile landet, som eit friviljugt tilbod for kvinner for oppfølgjing både før og etter abort