Nå har han fått ny næring frå ein artikkel skriven av ein lærar utan kunnskap om vår språklege historie.

Ein skulle mest tru at sidemålet skulle vere årsak til det meste Ørbæk meine er galt i den norske skulen.

Skjønt nynorsk. Eigentleg er det heller det språket som Ørbæk så varmt femner om som skulle kallast for nynorsk, eller kan hende, ny norsk. Det skal eg komme tilbake til.

Les også

Nynorsk vekker like mye uvilje i dag

Sjølv har eg gjennom 18 års utdanning alltid hatt bokmål som hovudmål, men har aldri sett problemet med å skriva og lesa nynorsk. Det har også gitt meg høve til å glede meg over all den kraftfulle ltteraturen som det nynorske har gitt oss.

Eg har heller ikkje store problem med å forstå, lese og snakke med så vel svenskar som danskar sjølv om eg ein gong i blant må be ein danske om å snakke litt meir sakte. Eg treng slett ikkje snakke engelsk med dei.

Men kanskje det trengs litt tålamod, og kanskje også litt godvilje for å forstå den andre, slik som elles i livet. Her har kanskje pedagogen i klasserommet eit ekstra ansvar for å vere eit føredøme.

Bjørn Ørbæk er gamal språklærar, skriv han. Men kanskje han ikkje har undervist så mykje om norsk historie, eller iallfall har «gløymt» deler av den. Då kan me gjerne ta eit lite djupdykk ned i norsk middelalderhistorie, og skal så smått gå attende til slutten av 1300-talet.

11-1200-talet var på mange måtar prega av jamn framgang. Men krigartida var ikkje over, og mange krigar vart utkjempa mellom de 3 skandinaviske landa. Dei kravde enorme ressursar.

Den norske krigsmakta var basert på leidangen, eit system basert på at bøndene etter eit fastlagt system måtte syte for båt og mannskap når kongen kravde det. Systemet krasja etter kvart. Ikkje berre var det innbyrdes krigar mellom grannelanda, men det hadde kome ein ny og kraftfull motstandar, nemleg hanseatane.

Dette var ein samanslutning av bystatar frå fleire land i Nord-Europa, og dei tok etter kvart på kontrollen av mest all import og eksport innanfor det dei definerte som «sitt» område.

Krigstidene hadde fart ganske ille med Norge, og det er truleg rett å seie at Norge som stat var på randa av konkurs. Dessutan fekk me svartedauen omkring 1349–51 og som førte til enorme dødstal. Nå starta ei nedgangstid som skulle vare lenge.

Håkon VI Magnusson døyde i 1380. Han var gift med Margrete, dotter til den danske kongen Valdemar Atterdag. Dei fekk eit barn, Olav. Han vart vald til dansk konge i 1376 med mora som formyndar då morfaren døyde.

I 1391 vart han krona til norsk konge etter at faren døyde året før.

Ho flytte attende til Danmark med sonen då mannen hennar, kong Håkon døyde.

Norge hadde eit formelt indre sjølstyre med eige riksråd fram til kongen var myndig i 1386. Då tok Margrete over styringa. Historikarana meiner nå at det norske riksrådet i prinsippet miste all makt etter dette.

Ingen av dei etterfylgjande kongane i unionstida med Danmark har hatt norske slektsrøter.

Nedgangstida og svartedauen på andre helvta av 1300-talet for hardt fram mot den norske adelen eller aristokratiet om du vil. Her kunne ein nok og finne dei fleste som den gong kunne meistre lese- og skrivekunsten.

Ein må hugse på at i befolkninga elles var det knapt nokon som kunne lese eller skrive. Det var bumerket som var mannens måte å identifisera seg på.

Danmark fekk sitt fyrste universitet i 1497. Alle freistnader frå Norge s for å få det same vart avvist i København. Det er sjølvsagt naudsynt å ha folk som kan lese og skrive i eit kvart sivilisert samfunn.

For Norge førte dette etter kvart til ei stor tilstrøyming av utdanna folk frå Danmark til så vel verdslege som kyrkjelege oppgåver. Det var sjølvsagt moglegheiter også for ungdom til å reise til Danmark for utdanning, men det kunne aldri rekke til nok. Kampen for eit norsk universitet var då også ei av dei sakene som sto høgst på dagsorden hjå eidsvollmennene i 1814.

Dei danske byråkratane, for det var det dei var, hadde ofte store problem med å forstå nordmennene. Resultatet av dette var at dei skreiv med sine eigne ord.

Dette kjem særleg fram i korleis dei oppfatta stadnamn. Heilt til denne dag har dette vore årsak til at språkforskarar har hatt vanskar med å finne fram til dei opphavelige stadnamna.

Det dei eigentleg la grunnlag for, var å radbrekke det norske språket, og dei la på mange måtar opp til at me fekk eit nytt språk – for byfolket og dei kondisjonerte.

Det Ivar Aasen og medhjelparane hans gjorde, var ikkje anna enn å reise rundt i bygdene i ein freistnad på å gjenfinne det norske målet som var blitt radbrekt og øydelagt av språklege overgrep av danske byråkratar gjennom fleire hundre år.

Ikkje berre på Vestlandet, men like mykje i til dømes frå Telemark, Valdres og Gudbrandsdalen. Så det språket som læraren Ørbæk så sterkt forsvarar er jo eigentleg det språket som den tidas «okkupantar» på mange måtar sto bak! Det er jo ikkje anna enn den dialekta som i dag kallas for riksmål!

Me får tru at herr Ørbæk fekk med seg at den siste nobelprisvinnaren i litteratur skriv bøkene sine på nynorsk. Han hausta visst mykje ære også, men det er det fort gjort å gløyme.